Den enes død, den annens brød er eit velkjent ordtak som på mange språk uttrykkjer korleis éin aktør sitt tap kan bli ein annan sin gevinst. Det peikar på livet sine ofte brutale realitetar og på paradokset i at ulukke og moglegheit kan vere uløyseleg knytte saman.
I arbeidet sitt undersøker Trude Westby Nordmark naturen sine vekselverknader og samlivsformer, med særleg vekt på fenomenet snylting. Å snylte inneber å leve på eller i andre organismar og hente næring frå dei – ein parasittisk praksis som òg speglar menneskelege strukturar. Samstundes stammar ordet parasitt frå det greske parasitos, «gjest», og naturen rommar ei rekkje døme på at tett samliv mellom artar kan vere gjensidig fordelaktig.
Gjennom praksisen sin har ho utvikla modulbaserte konstruksjonsmetodar i leire, inspirerte av naturen sine eigne system. Verka undersøker korleis individuelle modular kan byggjast saman til større heilskapar, og korleis samhandling mellom delar skaper berekraftige strukturar – både i naturen og i dei formmessige uttrykka som oppstår i materialet.
Utstillingstittelen opnar for fleire inngangar og tolkingar. Ordtaket inviterer til refleksjonar kring livet si sårbarheit og dei tilfelda som formar eksistensen. Sjølv om uttrykket spring ut av menneskeleg erfaring, er det òg relevant i eit økologisk perspektiv: Rovdyr regulerer byttedyrbestandar; parasittar og symbiontar opererer i eit spenn mellom gevinst og belastning; døde plantar gir næring til nye organismar; og skogbrannar kan leggje grunnlaget for nye økologiske fasar. Menneskeleg aktivitet inngår i dette krinsløpet og påverkar økosystem i både synlege og subtile former.
Skulpturane hennar består av opptil 2000 ekstruderte leireløkker som til saman dannar ein arkitektonisk kropp. Trude Westby Nordmark utviklar eit språk i materialet som trer fram i form av forteljingar bygde av gjentaking, rytme og rørsle. Kvar modul fungerer som ei celle i ein større organisme – avgrensa åleine, men i stand til å danne komplekse formasjonar og nye tydingslag i fellesskap.
Målet er å skape verk som omsluttar betraktaren og opnar for undring. Tittelen peikar i ei retning, men blir verande open. Det finst inga fasit.