UTSTILLING: HELENE ESPEDAL-SELVÅG

Dato

Lørdag 24. januar 2026 - søndag 8. mars 2026

Tidspunkt

kl. 12:00 - 17:00

Stad

Hå gamle prestegard

24. januar 2026 - 8. mars 2026

Helene Espedal-Selvåg
FELLES HIMMEL - COMMON SKY
Installasjon
 

I installasjonen Felles himmel / Common Sky har Helene Espedal-Selvåg filma himmelen på ulike stader i verda det siste året. Ti monitorar ligg på golvet med små utsnitt av atmosfæren – skyfragment filma mellom anna på Ullandhaug, i Hiroshima, på Hå, i København og i Tokyo. Frå ei plattform midt i utstillingsrommet kan publikum sjå skyene frå eit felles ståstad.

Helene Espedal-Selvåg (f. 1967) er biletkunstnar busett i Stavanger. Kunstnarskapen hennar undersøkjer mennesket sitt forhold til naturen og naturen sin eigenverdi som ein meir-enn-menneskeleg aktør. Ho arbeider tverrfagleg med video, skulptur, tekstil og installasjon, og utviklar omgjevnader der publikum kan erfare sanslege, stadsspesifikke møte med naturen.

Eit sentralt arbeid i praksisen hennar er prosjektet Hibakujumoku – Messages from the Silent Witnesses, vist i Stavanger botaniske hage og Oslo botaniske hage, og vidareført til Hiroshima Botanical Garden i november 2025. Prosjektet er eit samarbeid mellom fleire aktørar og tek utgangspunkt i tre som overlevde atombomba i 1945. Det utforskar korleis desse, gjennom etterkomarane sine, kan formidla motstandskraft, håp og fred.

Ho er utdanna ved Kunstakademiet i Trondheim og Universitetet i Stavanger, og er medlem av Norske Billedkunstnere (NBK).

 

 

Praktisk informasjon

Om arrangøren

Blir arrangert av

Hå gamle prestegard

Om staden

Namn

Hå gamle prestegard