Nina Malterud
GLASURHISTORIER
Keramikk
Thale Vangen
LANGT FRA HIMMELEN
Skulptur
Kl. 14.00 Opningstalar ved Kristin Armstrong-Oma, Museumsdirektør for Arkeologisk museum, UiS, og Volker Demuth, PhD. Seniorforsker og keramikkekspert ved Arkeologisk museum, UIS.
I løpet av opningsdagen blir det fleire musikalske innslag av Klang av Oldtid, ute og inne mellom kl. 13.00-16.15.
Klang av Oldtid er eit musikkensemble som speler oldtidsinstrument, bla. kopier av to bronselurer frå yngre bronsealder som blei funne under arkeologisk utgraving på Revheim i Stavanger, samt tidsriktige instrument som neverlur, bukkehorn, sang og slagverk. Med dette gjør dei musikkarkeologisk utforsking, og utviklar ny musikk kombinert med elektronikk, grafikk og spesialdesigna scenografi.
Utstillingane står til 24. mai. 2026
Kunstbutikk, kafe og utstillingar har ope kl. 12-17
Fri entre på opningsdagen
GRATIS TRANSPORT TIL HÅ GAMLE PRESTEGARD
På utstillingsopninga 21. mars kjøyrer vi deg tur/retur togstasjonen på Nærbø, heilt gratis.
NB: Billett må bestillast på førhand.
Bestill billett her