Hå kommune kan gi tilskot til rehabilitering av private hus og anlegg i kommunen. Tilskotet skal gå til å dekkja meirkostnader ved rehabilitering etter antikvariske retningsliner. Hus i verneklasse A og B skal prioriterast, men andre søkjarar kan og få tilskot ut frå kulturvernvurderingar. Det er sett av kr 150.000 til formålet i 2018.
Søknaden må innehalde; Namn på søkjar, e-post og telefonnummer med skildring av planlagt arbeid og søknadssum. Send og gards/bruksnr. og adressa til huset / anlegget det gjeld.
Søknad om tilskot kan sendast til:
Hå kommune v/kulturvernavd., Håvegen 347, 4365 Nærbø. E-post: kultur@ha.kommune.no
Frist: 16. april 2018.