Ingrid Torvund
  • HGP - Utstilling

Utstillling: I FOUND YOU UNDER EARTH, UNDER BLOOD

Dato

Lørdag 23. mars 2019 - søndag 2. juni 2019

Tidspunkt

kl. 14.00 - 17.00

Stad

Hå gamle prestegard

Ingrid Torvund
I FOUND YOU UNDER EARTH, UNDER BLOOD
video

I nye løa får me mellom anna sjå den nyaste filmen til Ingrid Torvund. Filmen deler tittel med utstillinga. Filmane til Torvund går føre seg i eit heilt særeige, eventyrleg univers; ei mytologisk verd som er tidlaus, mystisk og drøymande. Torvund er frå Kviteseid i Vest-Telemark og ofte nyttar ho denne staden i filmane sine. Området er kjent for folkemusikk, treskjering, munnleg historieforteljing og gamle kyrkjer der heidenske og kristne symbol eksisterer side om side. Alt dette er element som blir nytta i verka hennar.

Torvund er utdanna ved Kunsthøgskolen i Oslo med en BA fra avdeling Kunstakademiet. Ho blei nyleg innkjøpt av Kiasma Museum of Contemporary i Helsinki.

Utstillinga står t.o.m 2. juni

Praktisk informasjon

Blir arrangert av

Hå gamle prestegard