Utstilling: Lise Bjørne Linnert

Heildag

Til og med 9. oktober:

Lise Bjørne Linnert
Cruelty has a Human Heart 
installasjon / video

Opning ved prosjektdirektør og nestleiar i Fritt ord Bente Roalsvig

Installasjonen Cruelty Has a Human Heart inneheld 83 sitat om vondskap, samla i samarbeid med filosof Lars Fr. H. Svendsen. Både kjente og ukjente, politikarar, historikarar, filosofar, overgriparar og ofre, har formulert ord og refleksjonar kring vondskap.

Det er stor skilnad mellom dei ulike ståstadane til dei som står bak sitata og det er ingen einskapleg tolking av det vonde i samlinga. Etter at sitata har blitt samla har 83 ulike hender - unge, eldre, kvinner og menn - skrive og brodert orda og setningane på farga bitar av lerret.

Verket vart først synt i grunnlovsjubileumsutstillinga 1814 Revisited i 2014 og har sidan turnert til ulike offentlege rom: bibliotek, skular, Oslo domkirke, Moss kirke og Ullersmo landsfengsel.  Ved kvar visningsstad inviterar kunstaren til ulike workshops der publikum får muligheit til å respondere -  gjennom tekst, teikning eller samtaler.

På veg til Hå gamle prestegard stoppar installasjonen på Hå Mottakssenter, der den skal stå i ein månad. På mottaket arrangerer Linnert workshop, der brukarane lærar ulike måtar å uttrykke seg gjennom tekst og teikning med kol, kritt og blekk. Prosessen blir filma av filmfotograf Harald Paalgard.

Filmen og resultatet av workshopen blir ein del av utstillinga på prestegarden. 2 etasje på nye løa er via denne dialogen og vil inkludera nye arbeid som Linnert har laga spesielt for rommet og utstillinga.

Lise Bjørne Linnert er mellom anna utdanna  frå Glassell School of Art, Museum of Fine Arts MFAH, USA  og nyttar ofte sosiale tilhøve som utgangspunkt for sin kunstnariske produksjon. På Hå gamle prestegard i 2010 synte ho utstillinga Desconocida Unknown Ukjent, der tema var kampen mot overgrep, trafficking og drap av kvinner i Mexico. Ho har reist verda rundt med prosjekta sine og skal mellom anna ha utstilling ved Rubin Center for the Visual Arts, University of El Paso, USA i 2017.

Turneen til offentlige rom er støtta av Fritt ord og kulturdepartementet.

Legg til hendinga i din kalender