PÅSKETRADISJONAR

mandag 22. april 2019 kl. 12.00

Familiedag
2. påskedag

Påske er det tradisjon på Jæren å gå ut og koke egg i strandsteinane. Denne skikken og mykje anna kan du vera med på 2. påskedag på Hå gamle prestegard.

Unge Spor tek oss med attende i tida med forteljing om Viva på Hå til lyden frå tromme, steike brød på bålpanne frå Jernalderen og leiker slik dei gjorde det før i tida.

Program:
Kl. 12 – 15      Påskeverkstad - dekorer påskeegg og anna påskepynt
Kl. 12 – 15      Koke påskeegg og pølser i strandsteinane. Egg gratis. Pølser kr 30.
Kl. 12 – 14      Leikar ute for born saman med Unge Spor
Kl. 12 – 14      Påskeforteljing på gravfeltet saman med Unge Spor
Kl. 12 – 14      Steike brød på bålpanne saman med Unge Spor
Kl. 14  - 15      Den store skattejakta på gøymde påskeegg.

Kafeen og utstillingane er opne kl. 12 – 17

Pris kr 50 for barn 4 - 16 år. Vaksen kr 60.
Familie: 2 vaksne og 3 barn kr 150.
Arr. i samarbeid med Vennelaget til Hå gamle prestegard

Opningstider i påsken: Kvardagar kl.11-15, laurd/sønd/heilagdagar kl. 12–17. Langfredag stengt.
Velkommen til påske på Hå gamle prestegard.

Legg til hendinga i din kalender