Dei siste åra har me sett at mange tek opp igjen den katolske tradisjonen med å tenna lys på gravene allehelgensdag. Kvifor skjer dette? Kvar kjem denne tradisjonen frå? Korleis var det for folk i mellomaldaren å gå over frå katolske til lutherske ritual og skikkar i synet på døden og dei døde?
I foredraget vil Aavitsland kasta lys over desse spørsmåla. Ho tek utgangspunkt i utvalgte gravminne og kyrkjerom som romar heile univers av idear om døden, etterlivet og forholdet mellom dei døde og dei levande.
Aavitsland er kunsthistorikar og professor i mellomaldarkultur og kyrkjehistorie ved MF vitenskapelig høyskole i Oslo.
Ellen Therese Thuland innleier kvelden. Ho er kvedar og framfører gamle songar og religiøse folketonar, spesielt frå Sogn og Fjordane, men som og blei brukt i Rogaland. Thuland bur i Stavanger og er lærar på Gausel skole. Ho er utdanna i musikk ved Ole Bull Akademiet på Voss.
Etter foredraget inviterer vi til herleg mat, drøs og god stemning i kafeen. Kafeen er pynta for å markera at det og er Halloween denne helga.
Kr 250 inkl. mat. Sal av drikkevarer.
Påmelding: post.hgp@ha.kommune.no eller 51791660