Utstillinga tematiserer den no avslutta pelsdyrnæringa og gjev eit kunstnerisk, empatisk blikk på næringa si historie og etterspel.
Gjennom ein guida omvising vil vi saman utforske verka i utstillinga. Omvisinga legg opp til samtalar, felles refleksjonar og korte diktlesingar som skaper rom for nye tankar og inntrykk. Undervegs får deltakarane òg høve til eit taktilt møte med ulike pelstypar, noko som vekker minne og stimulerer sansane.
Kunstnaren sjølv vil delta og fortelje om sitt arbeid, samt leie ein fantasireise – ei metode kunstnaren har utvikla og brukt i sin eigen arbeidsprosess. Denne kreative øvinga gjev deltakarane ein unik moglegheit til å fordjupe seg i både verka og tematikken på ein annan og inspirerande måte.
Vanleg inngangsbillett gjeld