DE SOM OVERLEVDE OG DE SOM REDDET

onsdag 15. april 2020 kl. 19.00

Utsett inntil vidare

Foredrag med 
Marie Smith-Solbakken

DE SOM OVERLEVDE OG DE SOM REDDET
Alexander L. Kielland-ulykken, 40 år.

Den 27. mars 2020 er det 40 år sia Alexander L. Kielland plattformen velta i Nordsjøen. 123 mann omkom mens 89 blei redda.
Ulukka er den verste i Nordsjøen på norsk område etter 2. verdskrig. 

Denne kvelden på Hå er det foredrag med Marie Smith-Solbakken. 

Etter eit innleiande foredrag vil Smith-Solbakken ha ein samtale med Kåre Magne Kvåle og Wigulf Schøll. 
Kåre Magne Kvåle var på plattformen då den velta og overlevde ulukka.  Wigulf Schøll er dykkar og var med som redningsmann under ulukka. 

Marie Smith-Solbakken er professor i historie ved UiS og forfattar. Ho har leda eit større forskingsprosjekt om Kielland-ulukka som har ført til fleire publikasjonar, mellom anna bøkene Råolje. «Alexander L. Kielland»-ulykken. Ringene i vannet og Råolje. «Alexander L. Kielland»-ulykken. Hendelsen, etterspillet, hemmelighetene. Bøkene har ho skrive i samarbeid med fotograf Tord F. Paulsen. 

Foredraget og samtalen er i samband med utstillinga RÅOLJE / CRUDE, Alexander L. Kielland, 40 år som visast på Hå gamle prestegard frå 28. mars til 31. mai. 
Utstillinga RÅOLJE / CRUDE er ein foto / dokumentar basert på bøkene til Tord F Paulsen og Marie Smith-Solbakken.

Kr 200 inkl. inngang til utstillingane og kveldsmat. Utstillingane er opne før foredraget frå kl. 18. Kveldsmat etter foredraget.
Studentar kr 120.

Påmelding: post.hgp@ha.kommune.no eller 51 79 16 60.

Støtta av Norsk Kulturråd, Fritt Ord og Rogaland fylkeskommune.

 

Legg til hendinga i din kalender