Utstilling: Lise Simonnæs

lørdag 21. november 2015 kl. 14.00

21. november 2015 - 17. januar 2016

Lise Simonnæs
Sjeldne vekster 
maleri (punktutstilling)

Lise Simonnæs er oppteken av metafysikk, og har arbeida med fenomena «bak» eller «over» i dei seinare arbeida. Ho seier at ho blir fascinert  av ”tilstander”, det vil seie menneskelege problemstillingar og handlingar knyta til overgangen frå ei tilstand til ei ny. Det draumande undrande og fabulerande har alltid oppteke kunstnaren og ligg som bakgrunn for uttrykket hennar. For å syne denne tilstanden nyttar kunstnaren plexiboksar. Boksane er konkret ”rom” som gjer spelerom til å iscenesette situasjonar med fleire element. Motiva i utstillinga er mellom anna av «sjeldne vekster» som kunstnaren kombinerer med tistander som kan skildrast som noko lett og melankolsk.

Simonnæs er utdanna KhiB med diplom tekstil. Ho er innkjøpt av mellom anna Norsk Kulturråd, Bergen, Fusa og Sogndal kommune og Norske Kunsthåndverkeres Fond.

 

Legg til hendinga i din kalender