Utstilling: Iiu Susiraja

lørdag 21. november 2015 kl. 17.00

21. november 2015 - 17. januar 2016 

Iiu Susiraja (fin)
Tunteiden Niksi-Pirkka 
Følelsenes Klara-Klok
foto / video 

 

Den finske kunstnaren Iiu Susiraja fekk mykje merksemd etter at ho synte dei utleverande sjølvportretta sine i ei separatutstilling i 2011. Ho forklarer sjølv gjennombrotet med at ho torte å vera open og visa seg sårbar offentleg. I utstillinga nytta ho sin eigen kropp som viktigaste verkemiddel. «Kroppen min var eit vanskeleg område for meg. Men til slutt bestemte eg meg for å ta tak i denne redsla. Å ta nakketak på den, og dermed ta kontroll over den. Så for meg blei det ein stor siger».  På spørsmål om kva ho meiner om all sjølvrepresentasjonen som i dag finn stad i media, seier ho: «Eg syntes at mennesket sjølv skal få bestemme korleis dei blir framstilt. Det er betre å latterleggjere seg sjølv i media før andre rekk å gjere det. Då held ein på makta».

Susiraja seier at arbeida hennar handlar om kjærleik. Utstillinga FØLELSENES KLARA-KLOK eller TUNTEIDEN NIKSI-PIRKKA tek utgangspunkt i kjensler og medmenneskelige relasjonar:

Hvordan føles ekte kjærlighet og hvordan ser den ut?

Når man treffer sin kjærlighet, prøver man å gjøre tiden mer varig ved å feste hvert øyeblikk med knappenåler.

Fortiden er da kun en liten feil, som blir forvandlet til lett luft, og verden utenfor er full av muligheter i stedet for løgn.

Det føles som om en  privat parkeringsplass alltid venter på deg, uansett hvor du går.

Likevel, noen ganger lager man krydderkake av følelsene, nøyaktig målt. I disse øyeblikkene er alt brettet, innpakkede bevegelser, og man har ikke annet i tankene enn en melankolsk fold i kanten av et laken.

Da nøyer man seg med sakenes sneverhet og prøver å splitte biter av tiden, som ved tørke over en leiret kornåker. Til slutt kan man bare ta en tyggegummi og legge merke til at alt fortsatt er seigt og utholdende.

Iiu Susiraja (1975) heitte Pirre Garfield som fødenamn, men tok namnet Iiu Susiraja i 2006. Ho har utdanning frå Kunst- og Handverkshøgskulen i Vantaa, EVTEK Designinstitutt, Akademi for Brukskunst i Turku og Kunstakademiet i Helsinki. Susiraja er mellom anna kjøpt inn av KIASMA - Finnish National Gallery. 

Iiu Susiraja, 2015 - Klikk for stort bilete
Iiu susiraja, Poissaolon kuvaus 2, 2014 - Klikk for stort bilete
Iiu Susiraja, 2015 - Klikk for stort bilete

 

Kritikk av Sigrun Hodne i Morgenbladet 18. desember 2015.

 

Legg til hendinga i din kalender