Gå inn i bunkerane frå 2. verdskrig og opplev skulpturane til Mikkel Wettre.
Wettre stiller spørsmål om korleis me oppfattar det me ikkje forstår eller ser tydeleg. Kva er samanhengen mellom faktiske og fantastiske opplevingar? Utstillinga syner modeller av kyrkjespir satt inn i ein arkitektonisk kontekst der merksemda blir flytta mellom forskjellige materialkvaliteter, volum og motiv. Kyrkjespira gjev oss ulike assosiasjonar og me ser det som skjer ved sida av auga sitt fokusfelt. På same måte som hjernen prøver å fanga minner, prøver auga å fanga sanseinntrykka som ligg utanfor synsfeltet.
Mikkel Wettre (f. 1974) er utdanna ved Kunsthøgskolen i Oslo og School of Visual Arts, New York. Han har ei rekkje separatutstillingar og kollektivutstillingar bak seg. Wettre er tilsett som førsteamanuensis i metall ved institutt for produktdesign, Høgskolen i Oslo og Akershus.