Linda Lothe (1963) har tidlegare vore med på gruppeutstilling på Hå gamle prestegard, men dette er hennar første separatutstilling på Hå.
Til denne utstillinga har Linda Lothe laga ei samling skulpturar av menneske og dyr som opptrer i ulike situasjonar. Tema sirkulerer mellom anna rundt eksistensielle utfordringar. Kunstnaren er fasinert av kontrastar og det som skjer i spenningsfeltet mellom det ”vakre” og det ”stygge”.
Lothe er interessert i dualismen i tilvere; at det morosame òg kan vere trist eller at det eventyrlige inneheld noko som er skummelt og dystert. Kunstnaren seier at ho «nyttar humor som lommelykt» og at ho ønskjer å setje lys på det absurde i livet og på vår eigen utilstrekkelegheit.
.Linda Lothe er fødd i Gøteborg i 1963. Ho er utdanna ved Konstfackskolan, linje for glas og keramikk, Stockholm og har hovudfag frå SHKS, inst. for keramikk, Oslo. Ho har hatt ei rekkje separatutstillingar og har delteke på fleire gruppeutstillingar. Lothe er kjøpt inn av fleire samlingar og institusjonar, mellom anna alle kunstindustrimusea i Norge, Fondet for offentlig utsmykning og Norsk kulturråd.