Verket Irregular Shapes av Anders Sletvold Moe. Geometriske former i blått og svart

Utstilling: Anders Sletvold Moe

lørdag 21. januar 2023 kl. 14.00

21. januar - 19. mars 2023

Anders Sletvold Moe
Irregular Shapes 
oilstick på papir

Opning 21. januar kl. 14
ved Cecilie Nissen, dagleg leiar / kunstnarisk leiar Kristiansand Kunsthall

Hå gamle prestegard er glad for endeleg å kunne ønske velkomen til separatutstilling med Anders Sletvold Moe.

Sletvold Moe syner serien IRREGULAR SHAPES i stallen og gamle fjoset.  Serien består av oilstick på papir, ei form for oljestift der oljemaling og voks blir pressa saman.

Tjukke og kraftige lag av oljestift dannar ei taktil overflate på papiret. Dei syner spor etter handa til kunstnaren, lagt på i ein gjentakande og tidkrevjande prosess der fargeutvalet er avgrensa til eit møte mellom to farger. Oljestifta er lagt på i fleire tjukke lag der strøket følger den same retninga innanfor kvart felt. På denne måten blir det eit samspel mellom overflatestrukturen til fargeflatene og den geometriske komposisjonen. Dei komplekse vinklane i glaset og eikerammene følgjer den ytre forma på arbeida. På denne måten blir innramminga ein integrert og viktig del av biletet, der ramen strammar opp dei organiske kantane til papirarket.

Kunstkritikar og skribent Arve Rød har tidlegare skrive om IRREGULAR SHAPES-serien:
Serien synes ved første blikk å tilstrebe en kompromissløs uttrykksløshet; en fortrenging av intuisjon og kreative innfall. De nonfigurative, hardkantete komposisjonene oppleves snarere å både være uttenkt etter geometriske prinsipper, om tittelen aldri så mye hinter til uregelmessighet, mettet av referanser til modernismens kanon: til 1920-åras konstruktivisme; 1940- og 50-åras geometriske abstraksjon og konkrete maleri, eller 1960-åras minimalisme.

Med serien Irregular Shapes undersøker Sletvold Moe kor få element eit verk kan bestå av, og samstundes holde på, og utstråle, ei visuell kraft. På Hå gamle prestegard kan dei presise møta til fargefelta referere til skjeringspunktet i den uendelege horisonten ein finn rett utanfor.

Anders Sletvold Moe (f. 1978, Steinkjer) har ein mastergrad i kunst frå Konsthögskolan i Malmö (2006). Han har hatt separatutstillingar på mellom anna Trafo Kunsthall, Kunstnerforbundet og Vigelandmuseet. Han er innkjøpt av mellom anna Astrup Fearnley Museet, Trondheim Kunstmuseum, Uppsala Konstmuseum og Malmö Konstmuseum.

Søndag 22. januar kl. 14
MØT KUNSTNAREN
Møt Anders Sletvold Moe i utstillinga IRREGULAR SHAPES. Han fortel om arbeidsprosessen og om sin kunstnarpraksis. Vanleg inngangsbillett.

 


 

Legg til hendinga i din kalender