Kulturmiljøarbeid i Hå kommune

Kulturmiljø i Hå kommune handlar om både materielle og immaterielle kulturminne. Planen skal gje grunnlag for eit målretta arbeid, god informasjon om og tilrettelegging av, dei ulike kulturmiljøa.

Hå kommune har vore oppteken av å ta vare på vår felles kulturarv gjennom kulturvernarbeidet som starta tidleg på 1990-talet. I 1996 publiserte kommunen sin første kulturminnevernplan, og samstundes vart det innført ei støtteordning for private kulturminne. Hå var blant dei første mindre kommunane i Noreg som hadde ein slik plan og tilhøyrande støtteordning. Søkelyset på kulturarv blei utløyst av ulike faktorar som mellom anna trua kulturminne knytt til landbruk og kystkultur ved bruksrasjonaliseringa. Husmannsplassar, jærhus, eldre driftsbygningar, naust og kvernhusanlegg blei ståande tomme og til forfall. Den heilskaplege planen og støtteordninga har gitt rettleiing og støtte til over 100 einskilde objekt sidan oppstarten i 1996.   

I 2012 vart det initiert eit samarbeid mellom Hå kommuneplan og kulturvernavdelinga. Hå kommune såg eit behov for ei betre kartlegging og klassifisering av kulturminna i kommunen. På same måte som nasjonal merksemd har utvikla seg frå enkeltbygg til større kulturmiljø, var behovet for ei oppdatering av kulturminneplanen utgangspunktet for samarbeidet. Frå 2014 gjennomførte kulturvernavdelinga ei omfattande nyregistrering av individuelle kulturminne med kartfesting, fotografering og evaluering av tilstandsgraden for kvart objekt. Som en del av den politiske kommuneplanprosessen ble det gjennomført en omfattande medvirkningsprosess for å ivareta innbyggarens rett til å bli høyrt. Prosessen resulterte i konstruktive diskusjonar, særleg med innbyggar som uttrykte bekymring eller frustrasjon. Dette bidrog til forbetringar i kulturminneoversikten og identifisering av bygningar som ikkje kunne bevarast. I tillegg ga møter med enkeltpersonar og grupper på rådhuset verdifull innsikt i kulturarveigarar sin situasjon i Hå kommune. 

Hå kommuneplan 

I dag er det 346 enkelt objekt og soner som er vernet i Hå kommuneplan med føresegner (bestemmelser). Som del av utveljinga av kulturminne som skulle inkluderast i kommuneplanen, var det behov for ei tydelegare deling mellom dei kulturminna som inngår i kommuneplanen og dei som ikkje er med. Klassekategoriane A og B blei difor fjernet.  

·       Ein verna bygning er no beskytta ved lov medan ein bevaringsverdig-bygning ikkje er det.

 

https://www.ha.no/planar/kommuneplan/kommuneplan-2024-2036/

    

Kulturmiljøomsynssoner i Hå kommuneplan 

I den nye kommuneplanen er det 16 definerte større omsynssoner for kulturmiljø med føresegner. Desse sonene er område der det er spesielt fokus på ivaretaking av kulturmiljø. Målet med desse sonene er å ta vare på eit representativt utval kulturmiljø i eit langsiktig perspektiv som kunnskapsressursar og som grunnlag for opplevingar. 

Kontakt oss! 

Det kan vera vanskeleg å skilje mellom kva som er eit freda eller eit verna kulturminne, og kva som er eit bevaringsverdig kulturminne. Det kan òg vera uklart kva reglar som gjeld for ulike typar av inngrep eller endringar på kulturminna. Sidan det er stor variasjon av kategoriar mellom dei verna bygga og omsynssonene i Hå kommune, er det ikkje mogleg å koma med detaljerte råd som gjeld alle.

 

Kommuneplanen har difor føresegner som krev at eigarane tek kontakt med Hå kommune for fagleg rettleiing før ein set i gang med tiltak. 

 

Om du har spørsmål, ta kontakt med servicetorget eller direkte med kulturvernavdelinga på e-post: kulturvern@ha.kommune.no 

 

Kulturminnevernplan 2004-2016