Hå kommune kan gi tilskot til rehabilitering av private eigedomar innan kommunen. Summen som står til rådvelde for slikt tilskot vert talfesta i årsbudsjettet, p.t. kr. 150.000 pr. år. Hus og anlegg verna i Hå kommuneplan skal prioriterast ved tildeling av tilskot. Ein skal og kunne gi tilskot til andre hus og miljø ut frå vurderingar om kulturvern. Tildeling av tilskot vert gjort ein gong i året etter søknad. Søknadsfristen er i midten av april kvart år.
Søknaden må innehalde:
- Namn og adresse på søkjar
- e-post
- telefonnummer
- gards/bruksnummer og adressa til huset/ anlegget det gjeld
- skildring av planlagt arbeid
- søknadssum
Søknad om tilskot kan sendast til: Hå kommune v/kulturvernavd., Håvegen 347, 4365 Nærbø. E-post: kulturvern@ha.kommune.no
Det finst elles ei rekkje støtteordningar for istandsetting av verneverdige bygningar og miljø. Desse kan endra seg noko frå år til år. Sjå Riksantikvaren Norsk Kulturminnefond Rogaland fylkeskommune Fylkesmannen i Rogaland
Retningsliner for kommunalt tilskot til rehabilitering av kulturminne / kulturmiljø i privat eige i Hå kommune:
1. Kommunen kan gje tilskot til bevaring og vedlikehald av private eigedomar innanfor kommunen. Tilskotsramma vert fastsett i budsjettet.
2. Hus og kulturmiljø verna i Hå kommuneplan skal prioriterast ved tildeling av tilskot, men då slik at ein òg skal kunna gi tilskot til andre hus og anlegg ut frå kulturvernvurderingar.
3. Tildeling av tilskot vert gjort etter søknad. Søknaden skal innehalda grunnlagsmateriale som gjer det mogleg å vurdera prosjektet ut frå ein heilskap. Ved ei omfattande rehabilitering skal det føreliggja byggjeteikning med oversyn over totalkostnad. Dersom ein skal ta rehabiliteringa etappevis, bør det vera ein framdriftsplan for dette og ei spesifisering med kostnadsoverslag for dei aktuelle tiltaka som søknaden gjeld.
4. Planarbeid, materialval og utføring skal vera i samsvar med god fagleg standard både i høve til det handverksmessige, til kulturvern og arkitektoniske vurderingar.
5. Som ei rettesnor for tildeling kan ein gå ut frå ei vurdering av kor mykje ekstrakostnadar det fører med seg å ta omsyn til faglege kriteriar for vern og vedlikehald. Det skal vera rom for skjønn både i høve til kvar einskild søkjar og til
den samla summen som står til rådvelde.
6. Utval for oppvekst og kultur gjer vedtak om kven som skal få tilskot og kor mykje kvar einskild skal få. Søknadar handsamast årleg i utvalsmøte før sommaren.
7. Søknad om tilskot skal sendast til kulturvernavdelinga innan 15. april. Tilskotet skal gjerast kjent ved utlysing på Hå kommune sine nettsider og andre plattformar i god tid før søknadsfristen. Kulturvernavdelinga ønskjer god dialog med private eigarar og imøtekjem alle spørsmål gjennom heile året.
8. Tilskotet kan utbetalast når arbeidet har starta. Tilskot som ikkje er brukt innan utgangen av året etter at det blei løyvd, blir rekna som ubrukt og trekt tilbake.