Møte, seminar og selskap

 

 

Foto av ekempel på mat i kefeen  - Klikk for stort bilete Elisabeth Tønnessen

 

 

 

I hovudhuset er det 90 sitjeplassar rundt småbord fordelt på to store og tre små stover. Den største stova har plass til 40. 

Møterom med lunsj

Minimum 10 personar, max 35 personar. For meir enn 35 personar, kontakt oss. 

Det er mogleg å ha jobbmøter i kafeen på Hå gamle prestegard. Pris per person: 350 kroner. Dette inkluderer:

Møterom

Kaffi/te heile dagen

Lunsj: Dagens suppe med brød eller brødmat med pålegg.    

Gratis parkering.

Kafeen er i våningshuset frå 1789 med påbygg kring 1850.
Maten i kafeen er basert på gode lokale leverandørar.
 

Kontakt oss for meir informasjon. 

1902-HUSET PÅ OBRESTAD FYR

Dette er ein unik plass å ha møter og seminar. Huset kan leigast for eit heilt døgn og det er eit stort møterom i første etasje + kjøkken og bad. Det er to sengeplassar og stove i 2. etasje. Huset har utsikt over flatjæren og sjøen og er ypperleg for å legga konkrete planar, ha teamarbeid eller drøfta luftige tankar.  Det er plass til 20-30 personar i seminarrom. Rommet har lerret, projektor og wifi. Mange kombinerer møteverksemd på 1902-huset med å gå ned til Hå gamle prestegard for lunsj. For vår lunsjmeny, sjå her:  Kafé - Hå Gamle Prestegard (hagamleprestegard.no)
Pris for leige av 1902 huset: kr 5000,- for private, kr 6500,- for bedrifter.
Ta kontakt for meir informasjon.

Me leiger og ut til overnatting på Obrestad fyr.

Bestilling: tlf 51791660 eller e-post: Leie.ObrestadFyr@ha.kommune.no