Søk utstillingsplass

Ønskjer du å søkje om utstillingsplass?

Kunstnarar med avlagt eksamen frå Kunsthøgskule eller Kunstakademi, godkjent av Statens lånekasse for utdanning, blir prioritert. Unntak kan gjerast om ein kan syne til deltaking på landsdelsutstillingane, Høstutstillingen, medlemskap i Norske Billedkunstnere (NBK) eller tilsvarande.

Me ønskjer ein kort søknad med prosjektskildring, CV og 5-10 foto. Sett alt saman i eit PDF-dokument merka med namn og etternamn (maks 6 MB). 

Me behandlar søknadar 2-4 gonger i året.

Send søknad til post.hgp@ha.kommune.no. Merk med «Søknad om utstillingsplass» i emnefeltet.

 

 

...