Vennelaget for Hå gamle prestegard vart starta i 1986 for å fremja interessa for Hå gamle prestegard. Det er i dag rundt 200 medlemmar, og vi har eit eget styre.
Vennelaget består av mange ulike medlemmar som alle har interesse for Hå gamle prestegard, kor nokre er aktive, og andre mindre aktive. Vi har medansvar for enkelte arrangement, og inntektene går til prestegarden.
Påskearrangementet 2. påskedag og haustmarknad i september er faste arrangement der vi har medansvar. Vi bidreg også med økonomisk stønad til enkelte arrangement i prestegarden sin regi. Alle våre arrangement skjer i nært samarbeid med prestegarden. Vi sel også lodd til kunstlotteriet med fine kunstpremiar.
Vennelaget har årleg kunstsafari til ulike kunstnarar og/eller kunstinstitusjonar i området. Det er styret i Vennelaget som arrangerer kunstsafarien for medlemmane i Vennelaget.
Som medlem får du gratis inngang og tilsendt informasjon om alle arrangement og utstillingar på Hå gamle prestegard. I Vennelaget kan du bidra som frivillig under våre og prestegarden sine arrangement, eller som medlem av Vennelaget sitt styre. Me er alltid interessert i fleire hjelparar! Som medlem er du med i trekning av eit kunstverk kvart år. Trekninga føregår under årsmøtet.
Me vil gjerne ha fleire medlemmar! Vil du vera med i laget, sender du e-post til vennelaget.hgp@gmail.com. Skriv fullt namn, adresse og telefonnummer. Det kostar kr 300,- for eit kalenderår. Familiemedlem betalar kr 200,-.