Maijazz: Trio Tunnel spelar Knutsen og Ludvigsen

søndag 14. mai 2017 kl. 14:00


Familiekonsert på Hå gamle prestegard
 

Billettar: 150 / 50. www.maijazz.no

Familiekonsert på Hå gamle prestegard

Velkomen til allsang langt over grensa, når Trio Tunnel tek oss med inn i Knutsen & Ludvigsen sitt eineståande univers denne helga til Hå Gamle Prestegard . Viktige emne som kyr og bikkjer, elledillar og krokofantar, fargeblinde fiskehandlarar og tubaspelande akterutsegla bestefedre vil stå på agendaen.

Kvartetten Trio Tunnel består av:
Jørgen Sandvik: Vokal, diverse strengeinstrument, kazoo
Roald Kaldestad: Vokal, diverse strengeinstrument, kazoo
Endre Olsen: Vokal, diverse strengeinstrument, kazoo
Ivar Loe Bjørnstad: Vokal, trommer, bass, kazoo.

Kafe med god mat for store og små både før og etter konserten.

Konserten er støtta av Hå kommune

Legg til hendinga i din kalender