Onsdagsforedrag

onsdag 16. august 2017 kl. 19:00

INNOVASJON PÅ STAVANGER LUFTHAVN
med Ingvald Erga

Grøne, søte prosjekt på Sola flyplass. Avinor brukar honning som del av miljøovervåking til å testa luftkvalitet. Ingvald Erga, fagansvarleg ytre miljø delar erfaring frå fire sesonger med produksjon av «Just plain/plane Honey» på flyplassen og korleis dette passar inn i miljø- og innovasjonsarbeidet til Avinor

 

«DEN BRUNE BIA – VÅRT MINSTE HUSDYR
fortid, nåtid, fremtid.

med Anja Laupstad Vatland

For nkre tiår sidan blei det presentert som ein sensasjon at den gamle europeiske brune bia, (Apis mellifera mellifera L.) - den som hadde levert honning til vikinganes mjød – fortsatt var i levende live i Norge. Frå tidleg på 1970–tallet byrja ein av verdas mest anerkjendte biforskarar, østerrikaren Friedrich Rutner, å interessere seg for den norske restbestanden av brune bier. I Flekkefjord fant han eit miljø av birøktarar som hadde utvikla konsept for avl og næringsbirøkt på denne gamle rasen. I 1980 sendte birøktarlaga i Flekkefjord, Lund, Sokndal og Sirdal kommuner inn ein søknad til landbruksdepartementet om å få oppretta eit beskytta område for den brune bia. Det måtte forhindrast at biene blei ødelagt av import av andre fremavla biraser.
Anja Laupstad Vatland er engasjert i prosjektet «Smartbies» som arbeidar for å ta vare på den brune bia. Prosjektet er støtta av EU-midler.

Kr. 200 inkl. kveldsmat. Studentar og kunstnarar kr 120.
Påmelding: post.hgp@ha.kommune.no eller 51791660

 

Legg til hendinga i din kalender