Ledige stillingar på Hå gamle prestegard

onsdag 27. september 2023 kl. 14.00

Hå gamle prestegard har to kjekke stillingar ledig. Me treng ein ekstra kokk som kan jobba deltid og ein kurator i full stilling på laget!

Hå gamle prestegard er ein kunst- og kulturinstitusjon i eit tradisjonsrikt og verna anlegg. Anlegget ligg ved havet og består av ulike jærhus, som våningshus og andre driftsbygningar. I desse husa kan ein oppleve utstillingar med norsk og internasjonal samtidskunst og kulturhistorie.

Kaféen, som ligg i hovudhuset, er nytta til arrangement og utstillingar i tillegg til å ha vanleg kafédrift. Huset er oppført i 1787 og var opphaveleg eit våningshus nytta som prestebustad for soknepresten og hans familie i Jæren prosti. Huset har god utsikt til havet og er i dag heimekoseleg innreia med moderne kunst, tradisjonelle jærstolar og leikerom til dei minste. I kaféen kan ein nyte heimelaga mat basert på lokale råvarer av høg kvalitet.

Velkommen til å søka jobb hjå oss!

Kokk og kafevert
Søknadsfrist 9. oktober
https://www.finn.no/job/parttime/ad.html?finnkode=321162148

Kurator og programansvarleg
https://www.finn.no/job/fulltime/ad.html?finnkode=320693800
Søknadsfrist 15. oktober

Legg til hendinga i din kalender