AVLYST PGA SJUKDOM OMVISNING

søndag 14. januar 2024 kl. 12.30

Omvisninga med kunstnaren Aurora Solberg er dessverre avlyst grunna sjukdom.  

Siste visningsdag for denne utstillinga er søndag 14. januar.

  

Har du nokon gong lurt på korleis havbotn ser ut for ein fisk eller ei mosetue for ein maur? Det har Aurora Solberg!  

Dei siste fem åra har Solberg arbeida med prosjektet "Biotop". Prosjektet består av ei rekkje måleri måla på papir med teknikkar og materiale frå den japanske teknikken Nihonga. Biotop tyder leveområde, og er ein stad i naturen der eit spesielt samfunn av arter finnes - ein granskog, snaufjell eller gjødselhaug. Solberg ser føre seg eit landskap som breier seg ut på arket etterkvart som måleriet veks fram. Kvart måleri har si eiga verd, sin eigen biotop, med sine eigne eigenskapar og uttrykk. 

 

Velkomen 

Legg til hendinga i din kalender