Trette menn - marsjen 2024 // Garborgdagar

søndag 21. januar 2024 kl. 10.00

Vandring langs Jærkysten med litterære stopp på den historiske kongevegen i anledning Garborgdagar 2024. Arrangementet er eit samarbeid mellom Nasjonalt Garborgsenter og Hå gamle prestegard.  
 

 

Oppmøte ved Bryne stasjon. Busstransport t/r er inkludert i prisen. NB: Avgrensa plassar.
Bussen ventar på toget frå Stavanger og Egersund før avreise.

Trette menn-marsjen går denne gongen i fantastisk jærkystlandskap langs den historiske kongevegen frå Varhaug gamle kyrkjegard til Hå gamle prestegard. Her følgjer me tråkk etter folk og fe gjennom mange tusen år. Det vert litterære stopp undervegs. Vel framme på Hå gamle prestegard får me kaffi, te og lappar. Dei som ønskjer kan kjøpa meir mat i kafeen. Gratis inngang i kunstutstillingane.

Turen i det vakre landskapsvernområdet er om lag 9 km. Me går hovudsakleg på sti gjennom beitemark og på grus. Merk at terrenget kan vera blautt eller glatt. Ha på gode tursko, og klede etter vêret.

Foto av Varhaug gamle kyrkjegard: Tone Aarsland

 

Trette menn-marsjen 2024 // Garborgdagar (ticketco.events)

 

Legg til hendinga i din kalender