Steinbra omvising med geolog Siri Gloppen – eit nærblikk på rullesteinane på Hå

søndag 24. mars 2024 kl. 13.00

Hå gamle prestegard inviterer til omvising om og i rullesteinane utanfor Hå gamle prestegard

 

Søndag 24. mars er siste opningsdag til utstillinga BOTNAR med Gunnhild Torgersen. I utstillinga har Torgersen nytta materiale som leire, sand og stein samla frå ulike geografiske område med havbotnen som fellesnemnar. Med utsyn utover Nordsjøen resonnerer utstillinga med omgjevnadane kring prestegarden, der dei steinete strendene med spor frå eldre tider går over i eit hav tilsynelatande utan ende.

For å markere siste opningsdag ønskjer me velkomen til omvising i rullesteinane utanfor Hå gamle prestegard med geolog Siri Gloppen. Under omvisinga tek me eit nærare blikk på historiene til fleire av steinane som ligg i landskapet rundt prestegarden.

Siri Gloppen arbeider som prosjektingeniør Geo i privat næringsliv og er tidlegare nestleiar i Stavangers lokallag for Norsk Geologisk Forening. Ho er utdanna geolog frå Universitetet i Stavanger, med erfaring innan mellom anna leiteteknologi, 3D-laserscanning, droneflyging og feltarbeid. Ho er ein gneistrande formidlar som haldt opningstalen for Torgersen si utstilling, og me gler oss til eit nytt møte med henne på Hå.

Vanleg inngangsbillett gjeld

Oppmøte i resepsjon

Legg til hendinga i din kalender