Utstilling: høyTRYKK

Heildag

Gruppeutstilling 

høyTRYKK

lino og tresnitt 

 

Blant kunstnarar og publikum ser me ei fornya interesse for grafikk. Hå gamle prestegard vil i løpet av åra 2018 – 2020 presentere ein serie grafikkutstillingar med tema kring dei ulike teknikkane. Utstillingsserien er eit bidrag til 100-årsmarkeringa av etableringa av Norske Grafikere i 1919.

Men det er likevel noe spesielt med tresnittet. Dette skyldes nok primært at tre er et levende, organisk materiale. Treets liv former og merker trykket, knyttet til struktur og årringer. Samtidig innebærer arbeidet med treplatene motstand. Denne motstanden kan avleses i trykket, den gir det et kraftfullt og umiddelbart preg. Det søtladne og pastellfargede passer dårlig til denne teknikken. Tresnittet har rett og slett trøkk.
              Ola Tjørhom


HøyTRYKK er ei mønstring av over 20 norgesbaserte kunstnarar som alle arbeider med lino og/eller tresnitt.

Deltakarar i utstillinga er Andreas Siqueland, Anne Kampmann, Cathrine Dahl og Ørjan Aas, Eli Hovdenak, Elin Gabrielsen, Else Marie Haugland, Gunhild Vegge og Lasse Kolsrud, Gunnar Haugland, Idun Baltzersen, John Hoelstad Dæhli, Magne Furuholmen, Mattias Härenstam, Ola Jonsrud, Ola Steen, Patrick Huse, Ragna Grønstad, Ståle Blæsterdalen, Thomas Hestvold, Trine Lindheim, Yngve Zakarias og Åsmund Haukelidsæter.
 

Opning ved Grethe Lunde Øvrebø, gallerileiar Haugesund Billedgalleri


Omvising i utstillinga kvar sundag kl. 13.30

Utstillingane står til og med 18. mars. 

Legg til hendinga i din kalender