KUNSTSNAKK

onsdag 6. mars 2019 kl. 19:00

med kunstnar 
Anita Tjemsland 

Mange kjenner kunstnaren Anita Tjemsland frå Stavanger og svart/kvit skildringane hennar av små tettstader og store byar.  Denne kvelden på Hå møter du kunstnaren som er med på gruppeutstillinga Dyptrykk som opna på prestegarden den 26. januar.  Tjemsland tek oss fyrst med på ei vandring i utstillinga. Etterpå vert det foredrag der ho fortel om djuptrykkteknikken og demonstrerar ulike måtar denne blir nytta på.  

Kr 200 inkl. kveldsmat.
Påmelding: post.hgp@ha.kommune.no eller 51791660

DYPTRYKK
GRUPPEUTSTILLING

Arne Bendik Sjur, Erling Valtyrson, Terje Resell, Anita Tjemsland, Kjell Erik Killi Olsen, Kjell Nupen, Terje Risberg, Astrid Mcgarrighan, Tom S. Kosmo, Frank Brunner, Tom Gundersen, Hege Cathrine Thoresen, Sidsel Westbø, Patrik Berg, Arild Yttri, Elin Rødseth, John Hoelstad Dæhli, Kjell Bendiksen

DYPTRYKK undersøkjer tendensane til det som skjer innan den grafiske djuptrykksteknikken i dag. Kva kunstnarar nyttar denne teknikken? Kva metode eller variant av djuptrykkteknikken nyttar dei? Kva tema tek dei opp? I utstillinga vil både godt etablerte kunstnarar og nyutdanna vera representert. Me syner òg verk av  kunstnarar som eksperimenterer med teknikken eller kombinerer denne med andre teknikkar.
Hå gamle prestegard presenterer i perioden 2018 – 2020 ein serie utstillingar med tema kring dei ulike grafiske teknikkane. Utstillingsserien er eit bidrag til 100-årsmarkeringa av etableringa av Norske Grafikere i 1919.

 

Legg til hendinga i din kalender