LESESTUND MED FORFATTAR HEIDI OSA SYVERTSEN

Klikk for stort bileteHeidi Osa Syvertsen les og fortel frå biletboka si, Ballongen. Ein ballong flyr av garde. Guten som mista ballongen græt og er lei seg. Om kvelden spør guten faren sin kor ballongen er no. Faren fortel at vinden tok med seg ballongen ut av byen og over havet, til andre land. Ballongen reiser gjennom ei verd av ulikskapar og kontrastar i møte med sorg, glede, frykt og håp. Midt på havet er det ein båt med hundre personar utan redningsvest. Ei jente frå båten får fatt i ballongen. Den røde ballongen gjev håp og glede i eitt hav av blått, uvisse og frykt.

Frå 4 år. Støtta av Fritt Ord. Gratis.

Dato
7. mars 2020
Tid
12:00 - 12:30
Stad
Hå folkebibliotek

Arrangør

Hå folkebibliotek
Adresse
Dalvegen 21,
Postnummer og stad
4365 Nærbø