Viktig melding

Lukk meldinga

Nedleggjing av minnesmerke for Ludwig A. Melzer

Eit av offera for Holocaust var Ludwig Melzer som budde på Ogna. For at Melzer og historia hans ikkje skal verte gløymt, vil Hå kommune i samarbeid med Hå historielag og Jødisk museum i Oslo leggje ned eit minnesmerke (ein «snublestein») ved Ogna skule/ biblioteket på Ogna. I samband med dette vert det ei offisiell markering. Program for markeringa vert publisert på våre nettsider og i Jærbladet.

«Snublesteinar» er minnesmerke over offer for nazismen under andre verdskrigen. Kvar stein er utforma som ein brustein og vert lagt ned i gata. Det er kunstnaren Gunter Demnig som har satt i gang Kunst- og minneprosjektet.

Dato
13. juni 2019
Tid
13:00 - 14:00
Stad
Biblioteket på Ogna

Arrangør

Hå kommune