Guy Limone (fr), Polly Gould (uk), Sarah Woodfine (uk), Walter Martin & Paloma Muñoz (us), Vincent Bousserez (fr), Daniel Dorall (au), Thomas Doyle (us), Akiko Ikeda (jpn), Liliana Porter (us), Danwen Xing (chi), Tessa Farmer (uk), Nils Olav Bøe (no)
Utstillinga "Minimal" presenterer kunstnarar som på ulike måtar arbeider med kunst i microformat. Sosiale relasjonar, samfunnskritikk, historieformidling og humor blir ofte teke opp som tema. Små format opnar for moglegheita til å diskutere større problemstillingar. Me ser oss sjølv med nye auge i møte med desse små skulpturane. Somme nyttar denne uttrykksforma til å setje søkjelyset på den skeive ferdelinga av rikdomane i verda eller til å sjå på korleis globaliseringa utviskar urbane særtrekk. Kanskje ligg fascinasjonen i korleis kunstnaren maktar å vera «spot-on» i ulike situasjonar. Banale og trivielle historiar er med eitt noko me kan forhalde oss til, dei alvorlege motiva set ting på spissen. Ved å stilla oss sjølv andlet til andlet med arbeida i utstillinga kan me forhalda oss til det faktum at me, trass alt, ikkje er meir enn små menneske i ei stor verd. Og me kjenner oss igjen i avmakta me møter til naturen og andre menneske.