Utstilling: Simon Bedwell

lørdag 7. juni 2014 kl. 14.00

7. juni – 31. august 2014

Simon Bedwell
First and Last Men
installasjon

Hå gamle prestegard inviterte Elizabeth Price til å ha utstilling rett før ho vant den prestisjefylte Turner-prisen i 2012. Ho inviterte med seg Simon Bedwell til å stille ut samstundes. I sommar møter me dei i kvar sin etasje i nye fjoset og løa med separate verk, men som likevel har ein samklang.

Simon Bedwell  tek i bruk heile det nye fjoset med ei utstilling som kombinerer element frå eit heimleg miljø, gjenstandar som minner om innhaldet frå eit museum og ting frå ei kommersiell verksemd. På vindauga er det festa filter for å laga ei skumring i rommet. På golvet kan me skimte utklypp frå ulike magasin som nesten er viska ut av svart spraymaling. Oppå magasina har kunstnaren plassert behaldarar i keramikk. Desse har han laga av lufttørka leire i verkstaden på Hå i førekant av utstillinga.

På nye løa syner Elizabeth Price to videoarbeid. Den eine videoen er filma inne i eit hus der ingen bur. Det er eit flott, modernistisk hus, filma i skumringa. Filmen syner oss ulike overflater og materiale, me ser designmøbler og dyre kunstverk frå etterkrigstida. Kunstnaren har fått fram det vakre spelet i overflatene av krom, bronse, plast og polert tre. I den andre videoen er det filma frå eit apokalyptisk museum fylt av søppel og utdaterte kitchgjenstandar. Desse gjenstandane står i kontrast til dei flotte pyntegjenstandane i den første filmen. Her er gjenstandane vulgære, billige, utan meining. Men igjen fokuserer kunstnaren på overflatene og får fram dei «glossy» kvalitetane. 

I både Bedwell og Price sine utstillingar ser ein glimt frå heimlege interiør og museumsgjenstandar. Begge utstillingslokala har fått eit slør av dramatisk noir med sine mørke og delvis mørklagde rom. I videoen i andre etasje møter me kontrastane mellom heimlege gjenstandar og museumsgjenstandar. I første etasje er desse møta konkrete med faktiske gjenstandar i alt frå glamourmagasin til skulpturar laga i det mest elementære og eldste materiale av alle – jord. Alle arbeida i utstillinga fortel om personifisering av tomme rom og gjenstandar. Dei  einaste levande personane er dei besøkande i utstillinga.

Elizabeth Price er oppteken av kulturhistorie med hovudfokus på modernismen.  For kvar film kunstnaren lagar brukar ho eit år – “I use digital video to try and explore the divergent forces that are at play when you bring so many different technological histories together... I’m interested in the medium of video as something you experience sensually as well as something you might recognize”. Price er frå West Yorkshire og studerte ved The Ruskin School of Drawing og tok Fine Art på University of Oxford. Kunstnaren vant Turnerprisen i 2012 og har sidan det fått forespørslar om utstillingar frå heile verda. Price underviser ved Goldsmith, University of London,  i tillegg til å vera kunstnar og skribent.  Ho er knyta til MOT Gallery  i London og er aktiv i samfunnsdebatten med jamnlege innlegg i avisa The Guardian.

Simon Bedwell nyttar ofte ein humoristisk vri, men har alltid med ein treffande politisk kommentar, gjerne som er kritisk mot dei etablerte kunstinstitusjonane, mot klasseskilje, rasisme, seksuell politikk eller kjønnspolitikk. Bedwell nyttar ofte blanding av ting han finn og ting han har laga. Han arbeider med eit breitt utval av teknikkar, alt frå leire, til ready-mades, til bearbeiding av magasin og måleri.  Bedwell har brukt mykje av si kunstkarriere saman med kunstkollektivet BANK (med verk innkjøpt av Tate Modern). Etter  at gruppa vart oppløyst i 2003 har han utvikla eit karriere på eiga hand. Han er no knyta til galleri som Saatchi, MOT Gallery og Ritter / Zamet i London.

Utstillinga med Elizabeth Price og Simon Bedwell har fått støtte frå Norsk kulturråd gjennom Hå gamle prestegard si satsing på britiske kunstnaraer i 2014.

   

Legg til hendinga i din kalender