Utstilling: MULTIPLY - mitt hjem

lørdag 1. april 2017 kl. 14:00

Tematikken i utstillinga er MITT HJEM med fokus på visuell kunst som ligg i kryssingsfeltet kunsthandverk og design. Verka er ein samansmelting av kunst og design, laga med høg kunstnarisk og handverksmessig kvalitet. Utstillinga består av arbeid i keramikk, porselen, glas, tre, metall og tekstil som kan brukast i eigen heim, og spesielt med tanke på unge i etablerfasen.

Ho visar heilt nye arbeid av 14 kunsthandverkare/designarar frå Norge. Eit av kriteria til utstillinga har vært at arbeida lar seg mangfoldiggjera i mindre eller større seriar og at dei passar for private heimar. Det blir sal direkte frå utstillinga.

Lampe Cloche, Lars Bjeller FjetlandKunsthandverkare/designarar:

Elisabeth Seeger Halvorsen, Sigve Knutson,  Aron Li, Sofia Karyofilis, Heidi Winge Strøm, Gunnar  Thorsen,  Marianne Berg, Siri Brekke & Per Tore Barmen, Vilde Jensen Hjetland. Kari Dyrdal, Anne Djupvik Andersen, Lars Beller Fjetland, Kirsten Vikingstad Storesund. 

Prosjektleder Multiply: Linnéa Blakéus Calder

Arrangør: NKVN

(Hylle av Marianne Berg. Foto: Øystein Klakegg)

Legg til hendinga i din kalender