Utstilling: Hilmar Fredriksen

lørdag 22. oktober 2011 kl. 14.00

22. oktober - 27. november 2011 

Hilmar Fredriksen 
Ut av fatning
diverse teknikkar 

“For å komme til en verden av frie koblinger i et uendelig rom, må man ville sette ting sammen uten å vite hvorfor.”

Hilmar Fredriksen har kalla utstillinga si for Ut av fatning.  Tittelen speglar korleis kunstnaren opplever at han i kreative prosessar arbeider med det “ufattbare” – det som me ikkje kan setja eit omgrep på. Kunstnaren seier at for at ein skal få inspirasjon, må ein velje strategiar for å unngå bevisste val. I denne tilstanden meiner han at det ein gjer vil ha ein større grad av presisjon enn om ein prøver å tenke ut eit nytt uttrykk.

I 2006 hadde Bergen Kunstmuseum saman med fleire andre museum og galleri ei retrospektiv utstilling med kunstnaren. Her fekk mellom anna hans mest kjente verk Kommunikasjonsstykke (innkjøpt av Nasjonalgalleriet) ei sentral rolle. Til utstillinga på Hå gamle prestegard har kunstnaren arbeida fram eit nytt prosjekt som både blir vist i form av ei “artist-book” og som digitale print. I tillegg får me sjå nye animasjonsarbeid saman med tidlegare skulpturar og objekt.

Hilmar Fredriksen (1953) er utdanna ved Statens Håndverks- og Kunstindustriskole, Statens kunstakademi og Kunstakademiet i Düsseldorf. Han har mellom anna arbeida med måleri, skulptur, video, installasjon, objekt og konseptkunst. Han blir rekna som ein av pionerane innan norsk performance. Fredriksen har hatt fleire utstillingar i Noreg og utlandet og hadde seinast i 2011 ei stor separatutstilling på Kunstnerforbundet der Museet for samtidskunst gjorde eit større innkjøp. Bergen Kunstmuseum har også arbeid av kunstnaren i si samling.

Hilmar Fredriksen  - Klikk for stort bilete
Installasjonsfoto nye løa. Stor traktforma installasjon i tre.  - Klikk for stort bilete
Installasjonsfoto frå utstillinga.  - Klikk for stort bilete

Nærbilete av skulptur. Abstrakt. Raude og grøne og blå pølseliknande figurar. - Klikk for stort bilete
Installasjonsfoto frå utstillinga.  - Klikk for stort bilete

Legg til hendinga i din kalender