Utstilling: Crispin Gurholt

lørdag 3. desember 2011 kl. 14.00

3. desember 2011 - 22. januar 2012 

Crispin Gurholt 
Live Photo
fotografi 

I det nye fjoset på Hå gamle prestegard viser Crispin Gurholt (f. 1965) foto og video frå sine stedsspesifikke installasjonar kalla live photo.  Fotografia er bygd opp som tablå der scenen som utspelar seg er full av spenning.  Ei skulering i klassisk måleri har gitt grobotn for tablå ala Jaques Louis David. Me er vitne til at noko stort skal til å skje, eller ei hending når sitt klimaks, i det fotografen har trykt på utløysaren. Fotografia og videoarbeida er narrative og kan få oss til å tenkje på teater og film. Gurholt stiller også spørsmål ved kunsten og kunstnaren si  rolle i arbeidet Ved Ekebergåsen. Dette arbeidet er nytt og blir her vist for første gong.

I ein tekst som følgjer bildet skriv Helga-Marie Nordby:
Fotografiet […] framstår som en dystopisk manifestasjon over kunstens og kunstnerens marginaliserte plass i samfunnet. Her har kunstneren gått i skjul, uønsket og jaget. Hjemmestedet er en liten flik av resterende natur i skvis mellom kapitalistiske og populærpolitiske krefter. Herfra har de utkjempet sin geriljakrig, og tapt.

Crispin Gurholt arbeider innan felta kunst, scenografi og film. Gurholt er mellom anna utdanna ved Statens Kunstakademi 1993-98 og ved New York University SCE Film School i same periode. Han debuterte på Høstutstillingen allereie i 1993. Kunstnaren har hatt utstillingar på Henie Onstad Kunstsenter, Art Copenhagen,  Stenersenmuseet, Vigelandmuseet, Nordnorsk Kunstmuseum og Haugar Vestfold Kunstmuseum og i fleire europeiske byar.  

Installasjonsfoto frå utstillinga.  Videostill - Klikk for stort bilete
Installasjonsfoto frå utstillinga.  - Klikk for stort bilete
Installasjonsfoto frå utstillinga.  - Klikk for stort bilete
Installasjonsfoto frå utstillinga.  - Klikk for stort bilete

 

Legg til hendinga i din kalender