Utstilling: Gunnar Thorsen

lørdag 24. april 2010 kl. 14.00

24. april - 6. juni 2010

Gunnar Thorsen 
Jeg går i bane 
objekt 

Siste gong Gunnar Thorsen vitja Hå gamle prestegard var i 1987. Me er glade for igjen å kunne presentera kunstnaren her på Hå gamle prestegard med nye arbeid.

Arbeida til Gunnar Thorsen er lett gjenkjennelege med sine presise konstruksjonar og geometrisk formspråk. Thorsen ser heile tida etter det arkitektoniske og eksakte i forma og nytter seg av eit uuttømmelig reservoar når det gjeld dei geometriske formene. Dette tilfører arbeida  ein tydelig fellesnemnar som går igjen i store og små objekt, om dei er bruksorienterte eller reint skulpturelle. 

Utstillinga i gamle fjoset er samansett av seriar med keramiske objekt der sirkelen er ein gjennomgåande form. Kunstnaren seier sjølv at hans prosjekt er ”opplevelsen av form, materiale og bruk.”

Thorsen er utdanna ved Bergen Kunsthåndverksskole og er innkjøpt av fleire viktige institusjonar mellom anna Norsk Kulturråd og Kunstindustrimusea i Bergen og Oslo.

Tre veggobjekt  i keramikk  - Klikk for stort bilete
Keramikkfat med raud glasur.  - Klikk for stort bilete
Installasjonsfoto frå utstillinga  - Klikk for stort bilete
Keramisk figur med svart base og topp laga av tre  - Klikk for stort bilete
Keramisk vaseforma figur med rosa glasur  - Klikk for stort bilete
Keramisk fat i kvit glasur  - Klikk for stort bilete
Installasjonsfoto med fleire keramiske fat på soklar plassert på rekke  - Klikk for stort bilete

 

Legg til hendinga i din kalender