Utstilling: Per Platou

søndag 30. mai 2010 kl. 14.00

30. mai - 30. september 2010
Obrestad fyr 

Per Platou
Jonny Winklers Kanon
installasjon 
 

Sommarens utstillingsprosjekt tek utgangspunkt i krigsåra på Obrestad fyr. Kunstnaren Per Platou har teke fatt i hendingar som føregjekk våren og sommaren 1942 ved fyret.  Platou (1964) er kunstnar, musikar og kurator. Han er óg koordinator for PNEK (Produksjonsnettverk for elektronisk kunst).

Under andre verdskrig tok tyskarane fyret i bruk som eit av sine forsvarsanlegg. På det meste var det 120 mann stasjonert her. Dei hadde eit lite samfunn og prøvde å leva så vanleg som mogleg.  Det var ingen reelle kringshandlingar ved Obrestad og det er difor ikkje ”krigens estetikk” Platou legg vekt på. Kunstnaren har laga eit ope narrativ bygga inn i eit rom som soldatane nytta til arbeid og fritid. Kva slag forhold var det mellom mennene? Lydane i det nakne, sparsamt møblerte kjellarrommet på fyret, set ramma rundt moglege hendingar blant soldatane. Her er ikkje krigen rundt omkrig i verda viktig, men kva som skjedde mellom somme soldatar på ein aude stad langs Festung Norwegen.

Platou nyttar ofte det han kallar cinematisk lyd. Dette er ein måte å arbeide med lyd på som minner om slik lyden blir nytta i film og teater. Lyden skal ikkje forsterka eller kommentera det ein ser, men snarare vera ein kontrast. Få tankane vidare frå det auge ser, og blanda det med det øyrene høyrer. Kunstnaren er oppteken av dei motsettingane og spenningane det er mellom det som ein ser skjer og det ein kan tenkje seg til.

I 2009 deltok Per Platou på utstillinga Guttestrekar? på Hå gamle prestegard. Utstillingsrekkja med lydbaserte arbeider vil varta fullført med separatutstilling på Hå gamle prestegard i 2011.

  

Legg til hendinga i din kalender