ONSDAGSFOREDRAG: FRÅ BLEIKE MYR TIL ALVELAND

onsdag 19. oktober 2016 kl. 19.00

Forfattar Jan Inge Sørbø om Arne Garborg

"Å lesa ein god Garborg-tekst er som å få eit handtrykk som er så sterkt at det smertar".

Arne Garborg har ein eineståande posisjon i norsk litteratur. Han skreiv truleg den beste romanen i sin periode (Fred), den best diktsamlinga (Haugtussa), det første store nynorske dramaet (Læraren) og nokre av dei beste essaya i norsk litteratur (Hanna Winsnes Kogebog).

Denne eineståande innsatsen hadde ein mørk bakgrunn. Faren var alvorleg sinnslidande, og då Garborg var 19 år, enda faren livet for eiga hand. Mykje av Garborgs forfattarskap handlar om å forstå kvifor dette hende. Dette traumaet, kombinert med heilt uvanleg intellingens og orienteringsevne, førte Garborg inn i dei fleste senrale filosofiske og religiøse straumdrag i samtida. Han bevegar seg frå tradisjonell kristendom til vitskapstru og religionskritikk, vender tilbake til grunnspørsmåla i tilværet, og skaper til slutt si eiga originale tolking av Jesus og Det nye testamentet. Vi kan fylgja dette i meisterverk som Bondestudentar, Fred, Trætte Mønd, Haugtussa og Den burtkomne Faderen. Samlaget.

Jan Inge Sørbø er litteraturvitar og skjønnlitterær og faglitterær forfattar. Han er professor ved Institutt for sosialfag ved Høgskulen i Volda. Sørbø har skrive ei medrivande og lettfatteleg bok om korleis Garborg orienterer seg i si samtid, og viser samanhengen i denne omfattande og stadig nyoriterte forfattarskapen. Denne kvelden på Hå gamle prestegard fortel han om Garborg med utgangspunkt i biografien som kom ut på Samlaget i 2015.

Pris kr 190 inkl. kveldsmat. Studentar og kunstnarar kr 120.

Fellestaxi frå Nærbø stasjon kl. 19.45 med retur kl. 21.10. Kr 50 t/r.

Legg til hendinga i din kalender