Utstilling: THAT`S NOT HOW I IMAGINED IT

lørdag 9. november 2019 kl. 14:00

Sam Winston (UK)
THAT`S NOT HOW I IMAGINED IT
teikning / installasjon 

Den britiske kunstnaren Sam Winston (1978) arbeider i skjæringspunktet mellom
litteratur og biletkunst. Praksisen hans er sterkt knytt til språk, både som middel for
kommunikasjon og som visuell form. Dei siste åra har Winston utforska mørket som
arbeidsmetode og konseptuell ramme.

I utstillinga vil han vise fleire arbeid der utgangspunktet har vore lengre opphald i totalt
mørke. Arbeida står som ei motvekt til den digitale kulturen og til visuell overstimulering.
Dei byr på betraktningar om vårt forhold til tid. Winston har hatt eit engasjement over
fleire år ved National Library i UK.

Utstillinga står til og med den 12. januar 2020.

Legg til hendinga i din kalender