Foredrag 14. august

onsdag 14. august 2019 kl. 18:00


Avlyst. Ny dato kjem seinare

MÅTTE DE HVILE I FRED
         - Døden og de døde i katolsk tradisjon

Foredrag med Kristin Bliksrud Aavitsland.

Korleis var det for folk i mellomaldaren å gå over frå katolske til lutherske ritual og skikkar i synet på døden og dei døde? Korleis er katolsk tradisjon i dag samanlikna med den protestantiske i synet på døden og dei døde?I foredraget vil Aavitsland kasta lys over desse spørsmåla med utgangspunkt i utvalgte gravminne og kyrkjerom som romar heile univers av idear om døden, etterlivet og forholdet mellom dei døde og dei levande. 
Aavitsland er kunsthistorikar og professor i middelaldarkultur og kyrkjehistorie ved MF vitenskapelig høyskole.  


MINNEPROSESSENE ETTER 22. JULI
-Sorg i sosiale media

Foredrag med Tor Einar Fagerland.

Kva var årsaka til rosehavet som spontant oppsto etter terrorangrepet 22. juli 2011. Kva betydning hadde sosiale media i denne sorgreaksjonen? Korleis har dette endra måten vi uttrykkjer sorg på i det offentlege rom?  

Dette er nokre av spørsmåla Fagerland går inn på i foredraget denne kvelden på Hå.
Fagerland er førsteamanuensis i historie ved NTNU og har, saman med arkitekt Atle Aas, hatt ansvar for etableringa av 22. juli-senteret i regjeringskvartalet i Oslo. Han har og bistått AUF og den nasjonale støttegruppa for 22. juli i arbeidet på Utøya.


Pris kr 250 inkl. kveldsmat etter foredraga. Påmelding: post.hgp@ha.kommune.no eller 51791660
Kvart foredrag varer ca. 1 time inkl. spørsmål. Kveldsmat etter foredraga. Utstillinga er open før foredraga.

Støtta av Norsk Kulturråd og Fritt Ord

Foto: Erlend Aas / NTB scanpix

Legg til hendinga i din kalender