OMVISING I UTSTILLINGANE: med Helle Mellemstrand og Nils Eger

søndag 1. november 2020 kl. 13.30

Bli med kunstnarane inn i utstillingane.  

Møt kunstnarane i sine eigne utstillingar. Helle Mellemstrand og Nils Eger fortel om sine kunstnarskap, teknikk og tema.

 

HELLE MELLEMSTRAND - FRAGMENT
Tekstil / installasjon i nye fjoset. På somme av arbeida har kunstnaren nytta ecoprint som er ein type plantefargingsteknikk. Teknikken er «ustabil», på den måten at fargen etter kvart vil falma bort og motivet forsvinna. I somme av arbeida med denne teknikken har kunstnaren nytta plastsøppel frå stranda ved Obrestad hamn. Etter kvart vil avtrykket av blader og blomar forsvinna, men dei fargerike plastelementa vil stå attende. I utstillinga har Mellemstrand undersøkt omgrepa fragmentering og transformering. Kva skjer med uttrykket når ein set saman eit objekt på ein heilt ny måte? Kva nye forbindelsar oppstår og kva har forflyttingane og endringane å seie for uttrykket?

 

NILS EGER – FRA EN REISE
Grafikk og maleri i stallen og gamle fjoset. Eger arbeider sporadisk med grafikk og i samband med arbeidet med maleria til denne utstillinga har grafikken vore framme. Ein ser ein klar slektskap mellom uttrykka i dei to teknikkane. Maleria i utstillinga er alle frå dei to siste åra. Korleis me ser og kva som blir lagra i minna våre opptek Nils Eger. Arbeida hans er ei undersøking av persepsjon og hukommelse. Han fortel at «i arbeidet med maleriets virkemidler transformeres minnene til et mer abstrakt uttrykk. Arbeidsprosessen gir impulser som blir en viktig drivkraft videre. Verkets arkitektur, fargenes gjensidige forhold og form, og strøkets retninger er dominerende problemstillinger i arbeidet.»

Legg til hendinga i din kalender