Kafé


Eit kafèbesøk på Hå gamle prestegard er ikkje berre ei smakssanseleg oppleving. Det er òg ei tidsreise og ei kunst og kulturoppleving. Kaféen, som ligg i hovudhuset på Hå gamle prestegard, er nytta til arrangement og utstillingar i tillegg til å ha vanleg kafédrift. Huset er oppført i 1787 og var opphaveleg eit våningshus, nytta som prestebustad for soknepresten og hans familie i Jæren prosti. Våningshuset ligg omkransa av driftsbygningar, eit gammalt jærhus og ein flott hage. Huset har god utsikt til havet og er i dag heimekoseleg innreia med moderne kunst, tradisjonelle jærstolar og leikerom til dei minste.

I kaféen kan ein nyte heimelaga mat basert på lokale råvarer av høg kvalitet. Me har eit knippe utval spesialiteter på menyen, som brød frå Drivhuset på Serigstad, reker og laks frå Fonn i Egersund, heimelaga suppe og heimebaka lefser, lapper og kaker. I isdisken finn du óg is i frå Siddis Gelato. Hjå oss kan du óg lesa aviser og tidsskrift som Stavanger Aftenblad, Jærbladet, Klassekampen og Bondevennen. Kom innom for eit solid måltid eller ein kopp varmande kaffi eller te.

LYST Å BESTILLA BORD? I vekedagene kan man booka inn grupper til lunsj hjå oss. Lokala er ein unik samlingsstad for ein annleis lunsj med jobben, for nettverksbygging med kunder eller nye kolleger. Mange bedrifter kombinerer òg gjerne lunsj på Hå gamle prestegard med å leige 1902-huset på Obrestad fyr. 1902-huset ligg med utsyn utover havet og er godt eigna til mindre arrangement, seminar og møteverksemd. Kontakt oss gjerne for meir informasjon. post.hgp@ha.kommune.no 

 

Kafémeny

Dagens suppe med brød 200.-
Skive med ost eller pålegg 125.- 
Skive med reker 145.-

Kake 60,-
Lefse 30,-
Lappe m rømme og syltetøy 40,-

Siddis is kr 50

Kaffe med påfyll 35,-
Te 35,-

Farris 45,-
Eplemost 55,-
Saft 55,-

Brus 60.-

Glutenallergi og annen allergi, spør personalet

Ta kontakt med Hå gamle prestegard for meir informasjon.
Telefon 51791660 eller post.hgp@ha.kommune.no

 

Foto av kaffe og lapper.  - Klikk for stort bilete Elisabeth Tønnessen