Om oss

Hå gamle prestegard er ein kunst- og kulturinstitusjon etablert i 1983 i eit tradisjonsrikt og verna anlegg. Den tidlegare prestegarden (ca 1637 – 1919) er i dag arena for samtidskunst. Prestegarden er ein av dei mest besøkte utfartsstadene på Jæren, og er eit godt utgangspunkt for kortare og lengre turar langs Kongevegen og Nordsjøvegen. Hå gamle prestegard er ein møtestad mellom samtida og lokalhistoria. Anlegget, som ligg ved havet, består av ulike jærhus, som våningshus og andre driftsbygningar. Obrestad fyr, som ligg rett i nærleiken, er også drifta av Hå gamle prestegard. begge anlegga er del av Hå kommune sin kulturminneplan. Området rundt Hå gamle prestegard har ei rik historie som går 9000 år tilbake i tida.

Hos oss finn du:

  •  Utstillingar:  Sjå samtidskunst og kulturhistorie
  • Arrangement: Opplev familiedagar, føredrag, omvising og utstillingsopningar
  • Kafé: Smak på god mat av lokale råvarar
  • Kunstbutikk: Utforsk ein av dei største kunstbutikkane i Norge!
  • Turmuligheter: Ta steget ut i kulturlandskapet. Prestegarden er eit godt utgangspunkt for kortare og lengre turar langs Kongevegen og Nordsjøvegen.
  • Overnatting:  Tilbring natta i bustader som tidlegare var heimen til fyrvaktarane på Obrestad fyr.
     
Stilisert 3d tegning av et tun av hus med låve. Dette er et kart over Hå gamle prestegard - Klikk for stort bilete

Last ned pdf av kartet her (PDF, 858 kB)