Kulturvern

Administrasjon for kulturvern i Hå kommune er lokalisert på Hå gamle prestegard. 

Lars Haarr fekk kulturvernprisen til Hå kommune for 2014 for sitt arbeid med dette jærhuset frå 1840-talet på Hårr.

Hå kommune har mangfaldige og rike kulturtradisjonar, samt spennande spor etter busetnad frå steinalderen og fram til i dag. Kulturminna fortel oss noko om korleis menneska før oss har levd, og gir oss ei kjensle av identitet og kontinuitet i lokalsamfunnet. Ein kommune med mange og ulike kulturminne som vert haldne i god stand, tek også vare på eigenarten sin.

Kulturvernet i Hå kommune arbeider med vern, vedlikehald og brukstilpassing av kulturminne ut frå ei vurdering av desse som kulturhistoriske, sosiale, økonomiske, estetiske og antikvariske ressursar i dagens og framtidas samfunn. I tillegg til ulike kulturminne og museum har kommunen både fyr til leige og eige kunstgalleri med eit interessant program.