Om Obrestad fyr

Nils-Ove Støbakk

 



Obrestad fyr er frå 1873. Det vert automatisert i 1991. I 2006 kjøpte Hå kommune fyret av Kystverket. Eit mål med kjøpet er å bevare kulturen og historia til anlegget, og vise korleis fyr kan nyttast i nye samanhengar.  Sjølve fyrbygningen er i dag fyrmuseum og står slik det var i 1991.

Obrestad fyr er eit fastlandsfyr og er ein del av Hå kommune sin kulturminnevernplan.

Natur og kultur 

Anlegget oppe ved fyret er freda og området sørover mot Obrestad hamn er verna. Området langs kysten har òg eit rikt fugleliv. Det er derfor forbode å fly drone i området i både sørgåande og nordgåande retning.      

Då fyret på Obrestad var i drift budde fyrvaktarane og familiane deira i husa oppe ved fyret. Husa er i dag brukt til utleige. Tre bueiningar kan leigast til overnatting og ein bustad kan leigast til seminar og selskap.  Alle husa har unik utsikt, anten mot havet eller mot Høg-Jæren og vindmøllene. Fyret og bustadane har originale fasadar slik dei var i 1991 då dei blei flytta frå. Boligane er modernisert og nøkternt innreia med smakfulle og funksjonelle møbler.
Sjå overnatting for oversikt over bueiningane med prisar. 

Fyrmuseet og bustadane er drifta av Hå gamle prestegard.

 

Kunstutstilling

Sommeren 2026 rommar Fyrmuseet ein installasjon av Carlos Amorales. I utstillinga Black Cloud / Svart sky fyller den meksikanske kunstnaren Carlos Amorales Obrestad fyr med tusenvis av handlaga, svarte papirsommarfuglar. Installasjonen tek utgangspunkt i det internasjonalt kjende prosjektet Black Cloud, som sidan 2007 har vore vist ved kunstinstitusjonar verda over, men aldri tidlegare i Noreg. Verket undersøker tema som migrasjon, tap, forvandling og kollektiv rørsle, inspirert mellom anna av monarksommarfuglen si årlege vandring. Gjennom fyrtårnet sine rom, trapper og lys skaper installasjonen ei omsluttande oppleving der publikum blir inviterte til å reflektere over orientering, tilhøyrsle og rørsle i ei verd prega av endring.

Les mer om utstillingen til Carlos Amorales her