Fulltegnet. ONSDAGSFOREDRAG

onsdag 12. januar 2022 kl. 19.00

Nye blikk på kjønn,
seksualitet og feminisme
i islam

I foredraget vil Marianne Hafnor Bøe visa korleis kjønn, seksualitet og makt er nøkkeltema for å forstå periodar med politisk ustabilitet og endring, som til dømes situasjonen vi har sett i Sudan etter revolusjonen som starta i 2019 og militærkuppet som fant stad i oktober 2021.  

Utgangspunktet for foredraget er utstillinga IN GOD'S HANDS med kunstnaren Ahmed Umar. Umar vaks opp i eit konservativt Wahabi-samfunn i Mekka, Saudi-Arabia, med sufi-foreldre frå Sudan. Umar undersøkjer samanhengar mellom kropp, kultur og religionsutøving i si utstilling. 

Marianne Hafnor Bøe er førsteamanuensis i religionsvitskap ved Universitetet i Stavanger. Hennar forsking handlar om korleis religion, lov og kjønn er kobla saman og kjem til uttrykk i kvardagsliv og som statlege reguleringar. Ho har gjennomført feltarbeid blant kvinneaktivister i Iran, og i muslimske miljø i Norge. Dei seinare åra har ho gitt ut publikasjoner som mellom anna handlar om iransk familielov, muslimsk ekteskapspraksis, framveksten av sjia-muslimske trossamfunn i Norge. Boka Feminisme i islam kom ut i 2019: https://www.universitetsforlaget.no/feminisme-i-islam-1

Pris kr 120.
Påmelding til post.hgp@ha.kommune.no eller 51791660.
Utstillingane er opne frå kl. 18. Etter foredraget blir det kveldsmat i kafeen. 

Utstillinga til Ahmed Umar kan du sjå på Hå gamle prestegard fram til og med16. januar 2022. 

Legg til hendinga i din kalender