Kunstverk av Anne-Marte Eidseth Rygh

OMVISING & PERFORMANCE Øko-omsorg - perspektiv på vår tid.

søndag 28. april 2024 kl. 14.00

Omvising, fortelling og performance i utstillinga 500 MILLIONAR ÅRS LENGSEL

Med kunstnar Anne-Marte Eidseth Rygh og forskar Ingvil Hellstrand

 

NB påmelding for performance ved epost: post.hgp@ha.kommune.no

 

Kl 14.00-15.00 OMVISING OG FORTELLING med forskar Ingvil Hellstrand
Kl 15.00-17.00 DELTAKARBASERT PERFORMANCE med kunstnar Anne-Marte Eidseth Rygh

 

OMVISING OG FORTELLING
Omvising i utstillinga «500 Millionar års Lengsel» med fortellingar om notid og framtid. Hellstrand er forskar ved avdeling for omsorg og etikk ved Universitetet i Stavanger (UiS). Ho tilbyr ei omvising i utstillinga med vekt på fantasi og fabulering, natur og stadlegheit. Omvisinga inviterer til samskaping om staden si påvirkning, potensielle handlingsrom og motivert omsorg.

Spørsmål ho stiller er; korleis ser ei økologisk-omsorgsfull framtid ut?

Varigheit 1 time.

 

DELTAKARBASERT PERFORMANCE
Rettleia øvingar med flyttblokk. Besøkande inviterast til deltaking.
Eidseth Rygh tilbyr erfaringsbaserte øvingar som tilpassast ein person av gongen. Ein kan velje mellom ni øvingar som søkjer å anerkjenna samband mellom menneske og stein. Øvingane presenterer tankesett som verdset flyttblokka og mineral i heilskap som aktive og likestilte einingar.

Spørsmål ho stiller er; Korleis kan utvida forhold mellom menneske og geologi forsterka kollektiv empati?

Varigheit: 20 minutt per deltakar
NB! Påmelding for performance ved epost: post.hgp@ha.kommune.no

Vanleg inngongsbillett gjeld.

Legg til hendinga i din kalender