kl. 14.00 Hå gamle prestegard ønskjar velkomen til ny sommarutstilling på Obrestad fyr.
Opningstale ved forfattar, tidlegare museumsstyrar, kulturhistorikar
og Norsk fyrforenings æresmedlem Jo van der Eynden.
kl. 15.00-15.30
og kl. 16.00-16.30 Minikonsert «Vardøger» med Song Circus
Utstillinga står til 28. september.
Hanne Thyholdt
JARE
Tekstil, skulptur
Sundag 22. juni kl 13.00
MØT KUNSTNAREN
Kunstnaren held omvising i si eige utstilling på Obrestad fyr
OM KUNSTNAREN
Hanne Thyholdt (f. 1963) bur og arbeider i Lindesnes. Ho har hovudfag i tekstil/vev frå Statens Høyskole i kunsthåndverk og design i Bergen. Ho har stilt ut både innanlands og utanlands, mellom anna på NK-årsutstilling, landsdelsutstillingar og i Kunstnerforbundet. Ho har motteke ei rekkje stipend. Ho er medlem av NK, NTK og NBK.
Thyholdt undersøker naturmateriale, historiske teknikkar og verdiar som vi ikkje lenger er avhengige av, eller tillegg særleg verdi. Ho arbeidar med tida som formar og omformar, men som òg etterlet sine spor i form av forgjengelegheit, slitasje og forfall.
Tekstil er mitt materiale, mitt middel til å kommunisere med dei andre – om oss, for gjennom det å kunne forstå verda, og respektere dei vilkåra verda er i.
OM SONG CIRCUS
I minikonserten «Vardøger» møter du Song Circus, eit av Europas fremste improviserande kammervokalensemble, i møte med ein av Noregs fremste folkemusikarar, Jorun Marie Kvernberg. «Vardøger» er ein musikalsk forsvarstale for naturen og vern av fiskebestandane i havet vårt. «I gamle dagar brukte dei magiske ritual og songar for å vekke åkeren om våren. Kvar vender vi oss i dag når polane smeltar og gradene stig?».
VIL DU SITTE PÅ TIL HÅ?
På utstillingsopninga 21. juni køyrer vi deg tur/retur til togstasjonen på Nærbø, heilt gratis.
Billett må bestillast på førehand.
Bestill via denne lenkja: https://hagamleprestegard.ticketco.events/.../gratisbusshgp
- Henting på togstasjonen Nærbø kl. 13.45 (korresponderer med toget som har avgang frå Stavanger kl. 12.54)
- Henting på Hå gamle prestegard kl. 16.00 (korresponderer med toget som har avgang frå Nærbø kl. 16.22)
Sundag 22. juni kl 13.00
MØT KUNSTNAREN
Kunstnaren held omvising i si eige utstilling på Obrestad fyr