Vårt første møte med den japanske kunstnaren Kumi Machida (1970) var på utstillinga MANGA! på Louisiana i København i 2008. Her vart ho vist saman med kunstnarar som alle har ein relasjon til manga-tradisjonen. Både Hå gamle prestegard og kunstnaren sjølv vore oppteken av å lage ei utstilling på Hå gamle prestegard som viser hennar produksjon dei siste 7 åra. Til utstillinga på Hå har kunstnaren fått låne verk frå private og kunstinstitusjonar i Japan. I tillegg vil det vera arbeid som er heilt nye og som ikkje har blitt vist før.
Machida arbeider med utgangspunkt i tradisjonelle japanske teknikkar og materiale - fine tusjstrok og mineralske pigment på tjukt, lerliknade papir. Ho var i starten av karrieren oppteken av typiske japanske motiv, men blander no desse med universelle tema som både er vakre og skremmande på same tid. Ho er ein del av ei gruppe yngre japanske kunstnarar som har gjengoppteke nihonga-måleriet og tilpassa det til eit internasjonalt publikum.
Det narrative aspektet er sterkt til stades i Machidas biletunivers. Motiva er henta frå dagleglivet: hender som møtes, eit born som leiker, ei hand, eit andlet eit øyre. Men Machidas surrealistiske og til tider skremmande biletspråk opphevar førestillingane om kvardagslege banalitetar. Dei fråvendte, borneliknande dokkefigurane uttrykker ei metaforisk smerte – som når me ser blodlause kutt i huda eller tornar som blir trekte ut frå negler. Dei store, tomme flatene og veldefinerte konturane framhevar ein isolasjon mellom formene. På trass av armar som ser ut som om dei omfamnar og tek på kvarandre, gjenspeglar figurane ein sosial framandgjering.
Kumi Machida er utdanna nihongamålar frå Tama University of Art i 1994. Ho har mellom anna stilt ut på Museum of Contemporary Art i Tokyo og på Louisiana Museum of Moderen Art i Danmark. I 2007 fekk ho tildelt Sovereign Asian Art Prize.