Utstilling: Per Line - Stillhetens arkitekt

lørdag 22. oktober 2011 kl. 14.00

22. oktober - 27. november 2011

Per Line - Stillhetens arkitekt 

Me markerer Per Line (1936-1997) si rolle som arkitekt med utstilling og katalog, formgjevne av arkitekten Ådne Trodahl.  Per Line sine prosjekt blir satt lys på gjennom artiklar av Hild Sørby, Espen Surnevik og Jan Carlsen. Brukarane av kultursenteret Hå gamle prestegard kjem til orde gjennom Vennelaget sin artikkel, skriven av Odd Øverby. Rasmus Norlander har teke fotografia som blir nytta i utstilling og katalog.

Per Line hadde heile tida sterke band til Hå gamle prestegard.  I 1977 kjøpte Hå kommune heile prestegardstunet og Per Line blei engasjert som prosjektleiar for rehabiliteringa. Line “gjendikta“  eksteriør og interiør slik at eigenarten og stemninga i bygningane kom fram, samstundes som stover og fjos blei eigna til utstillingsverksemd. Felles for rehabiliteringsprosjekta Per Line stod bak er respekten for det som var, samstundes med at han tilførte nye kvalitetar.  Utanom fleire gamle jærhus var rehabiliteringa av Fotland mølle og rehabiliteringa av den gamle husmannsplassen Træet hans verk. Friluftshuset på Orre representerer det største sjølvstendige oppdraget Per Line fekk i løpet av karriera si. Med kårbustaden på Hauge utvikla Line en stadstilpassa grunntype som han seinare skulle nytta i mange bustadar. Utgangspunktet var det gamle, lave jærhuset som hadde fått si form av naturtilhøva. Fleire av desse prosjekta blir det sett lys på i utstilling og katalog.

Mykje av Lines tankegods er aktualisert og på dagsorden både i den nasjonale og internasjonale arkitekturdiskusjonen, med tanke på økologi, kortreiste materiale, enkle byggeteknikkar og lokal byggeskikk.

I samband med utstillinga inviterer me til omvising kvar sundag i utstillingsperioden kl. 13.30 og til foredrag om arkitektur onsdagar kl. 19-21.
26. oktober: Snøhetta v/Tonje Frydenlund – “Samarbeid”
2. november: Jan Carlsen – “Arkitekturpolitikk for by og bygd”
9. november: Hild Sørby – “Arkitektur og byutvikling med Sandnes som modell”
16. november: Fantastic Norway v/Håkon og Haffner – “Det lokale er det fantastiske”
23. november: Lotte Sandberg – “Arkitektur og landskap”

Utstillinga vart seinare vist på Nasjonalmuseet. 

Installasjonsfoto frå utstillinga. Boksar med store foto av bygg av Per Line.  - Klikk for stort bilete

Utstillinga vart seinare vist på Nasjonalmuseet. Installasjonsfoto.  - Klikk for stort bilete
Fotografi av katalogen produsert til utstillinga  - Klikk for stort bilete
Utstillinga vart seinare vist på Nasjonalmuseet. Installasjonsfoto. - Klikk for stort bilete

Legg til hendinga i din kalender